Håsteinvisa

FROSTE
Har du høyrt om han Håstein,
han som maula opp myra,
han som gnaskra på gråstein
der han for?
Han åt molda som makken
han åt bjørka på bakken,
han åt veden til vinteren
som ein bjor.
Rop: Han et deg òg du, var deg
veslemor.

Han sleit tallen av stuven,
fløytte myse av flinten,
berget knasa’n med knuen.
Veit du det?
Veit du, krafta av grjotet
gjorde føtene fljote,
så det fanst ikkje fe
som fylgde med.
Rop: Jamvel røyskatten vart
til spott og spe.

I ein blunk tok han blånen, –
som ein fjert tok han gjorden, –
og ein munns utav månen
tok han kaut.
Han drog reimar av drome
til å binde opp sko med.
Men han enda, – ja det er mesta flautt:

Rop: For han åt seg i hel på grynmjølsgraut.