KOR
Vilja de høyre kvedet mitt
og vilja de orda tru, –
om han Olav Haraldsson
skal songen her seg snu.
Dansen dyn over vollen,
så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn
til hildarting!

Kongen var strid i sine krav
og streng imot svik og prut, –
det er dei som legg landet ope
for grådige store Knut.
Dansen dyn over vollen,
så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn
til hildarting.

Folket var både veikt og vilt
men det gjekk vår over landet
Folket hans trakka åkeren ned
men fint skal kornet stande.
Dansen dyn over vollen,
så dansar vi no i ring.
Glade ride Noregs menn
til Hildarting.