GUDRUN

Heilagt, heilagt er det blodet,
det som synet gjev åt blinde.
Heilag, heilag er den mannen
han som gjev oss slikt eit minne.

I ei verd som vegvill er,
kneler eg for himmelkongen, –
han som i den største trongen
er oss traust og trufast nær.

KOR, alle
Makter gode, makter gode,
dei kan vende alt det vonde
til det gode, til det gode,
slik som dette kongeblodet.

ALLE
Kvinne, mann, hand i hand,
tegn og bumann, kongsmann, bonde
lyfte opp i himmelklåren
Heilag Olavs fagre land.