GUDRUN
Vargen yler
over dæld og dikje.
Han vil ha meg,
men han får meg ikkje!
Eg ser hjuringen
som gjæter smalen.
Eg ser sigraren
på siste valen.
Blomen nigjer
opp i alle lier.
Helsar kongen vår

Svar: Helsar Kongen vår
Kongen vår

Svar: Kongen vår
for alle tider!

Alle: Blomen nigjer
opp i alle lier.
Helsar kongen vår
for alle tider!