Store Grottesong

SKALDEN
I vintrar ni nedunder jorda
som systrer vi leika saman og vaks.
Som møyar vi møykte menn og mugar.
Fluks vi flytte berg over fly.
Svar: Berg over fly, Berg over fly
Hei og hå, Berg over fly

Vi velta steinar til vettegardar
så jordinnvollane skalv av redsle.
Vi slengde slagget vi sleit or fjellet,
og mata malmar til menns gaman.
Svar: Manna gaman, Manna gaman
Hei og hå, Manna gaman

Vi felte fyrstar og førde andre, –
skar brynjer med skarpe bitjarn.
Blod av såret bløytte sverdblad.
Frie og fræge ferdast vi då.
Svar: Frie og fræge , Manna gaman
Hei og hå, Manna gaman

No er vi komne til kongehuset.
Miskunnlaust må vi mylna draga.
Aur under foten, ovantil frosten,
hustrig og hatal er heimen hans Frode.
Svar: Hustrig og hatal , heimen hans Frode

Rop: Eld ser eg brenna austanfor borga, vide veiftar varsel om dråp!

Rop: Hastig ein hær hit skal koma brenne borga og Budlunds salar
Rop: Logen skal taka Leirestolen raude ringer kring Reginskvenna
Rop: Hald om skaftet hardare syster,
Rop: Vi har inkje med valhald å skifte!

Alle:
Så drog dei kvenna med makt og velde
unge dei var med veldig kraft
Skalv då skaftet kvar stod kvenna
haldet som heldt ho var sprunge i sundt