GUDRUN
Kvinner: Kven er den kvinna som trør på trammen
Menn: Kven er den kvinna som trør på trammen
Kvinner: like ved Lidskjalv, Svidurs stol?
Menn: Ved Svidurs stol, ved Svidurs sete
Alle: Stod ho i svala, lyfte ho arman’,
sjøen og lufta lyste og skein.

Kor, alle:
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide!

GUDRUN
Munn og mæle solguden miste,
Frøy den frode, då henne han såg
Still og sturen sat han og kurde.
Sola svartna og jorda svalt.

KOR, alle
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide!

GUDRUN
Kvinner: Veikja han ville for all ting vinne,
Menn: Veikja han ville for all ting vinne,
Kvinner: sende så nordpå sendemann Skirne.
Menn: sende så nordpå sendemann Skirne.
Alle: Veikja vart vivet hans, Skirne fekk sverdet.
Mange så meiner dei møya var verd det.

9

Kor, Alle
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide!
Gjerd er det, Gjerd er det, Gymes dotter!
Venaste veikja i verda vide!

GUDRUN, kor, alle
Frøy den frode og Gjerd den frie
skin over Mannheim ved midtsumartid!