Takkesong

GUDRUN

Damer: Fader vår, du som styrer
sol og måne og stjerner
og dei kvikjend som yrer
kvar ein stad.

Gje meg kraft til å bera
alle bører du gjev meg.
Gje meg kraft til å vera
god og glad.

Lær meg å leva,
lær meg å leva
i evig takkekvad.

ALLE
Herre hald oss i handa
kvar i verda vi villar,
at vi sælt skal få sanna
livsens ord.

GUDRUN / KOR
Gjer oss sterke med din nærleik,
nør oss du med din nåde,
lat oss leva i kjærleik
her i nord!

ALLE
Herre Kristus,
Herre Krist,
sign alle folk på jord!