SKALDEN
Eg var ung og agelaus fole,
Eg for over fjell og finne.
Og jenta eg heldt av, gjordest
til kvidekvad om ei kvinne.
Eg leika for lenge med lôgen.
Den eine eg skulle ha femna,
slokna som glo utan nøre.
Og no vil ho naudleg meg nemna.
Så lærde meg livet omsider.
Det er seinkomen visdom di verre:
Du skal vinna ei einaste kvinne.
Du skal hava ein einaste herre.